Stykket har fått flotte kritikkar i media:
"Fengjande og mystisk" Sogn Avis
"Underteikna sat heile tida med ei uro for å gå glipp av noko, kombinert med den gode kjensla av å bli overraska av neste trekk" Firda"...oppsetningen har elementer av både thriller og mysterier - og fin humor" BT
To av skodespelarane er å sjå i denne sesongen av Himmelblå på Nrk1.
Den rike jazzsamlaren Joe står og blar seg gjennom jazzavdelinga i ein stor bokhandel i New York. Det neste han veit er at han vaknar på eit ikkje alt for fint hotellrom i New Orleans. Kidnapparane veit alt om den brennande og lidenskapelege interessa han har for 1920-åras jazzklarinettist, Leon Rappolo og dei gir han eit tilbod han ikkje kan avslå. Joe legg ut på ei halsbrekkande reise inn i hovudet, kroppen og sjela til sin mystiske helt.
"Ein ting er kva ein er, ein annan ting er kva ein vil vere"
Regi: Rita Abramhamsen
Scenografi og kostymedesign: Åse Hegrenes
Lysdesign: Elisabeth Nilsson
Medverkande: Ole Martin Aune Nilsen, Ane Skumsvoll og Karl Sundby
Ole Martin og Ane er begge med i Himmelblå på Nrk1 denne våren. Karl vil mange kjenne igjen frå Hotel Cæsar som karakteren Åge.
les meir på SoFt sine sider: softeater.no
Billettprisar
Vaksen kr 180,- inkl billettavgift
Student/honnør/firdakortet/gruppe (min.5)/scenekort kr 120,- inkl billettavgift
Du kan kjøpe billettar på heradshuset, eller direkte på billettluka.no
Sjå omtale frå Avisa Firda
Sjå omtale frå BT (Bergens Tidende)