Webkamera på sandane
framtidsfylket.no Framtidsfylket Sogn og Fjordane
Søk

Har du lyst til å bli ferievikar i pleie og omsorg i Gloppen?

Ferievikar

Vi har behov for ferievikarar på desse tenesteområda: Tradisjonelle heimetenester, tenester i heimane til utviklingshemma og ved Gloppen sjukeheim på avdeling for korttid/rehabilitering og avdeling for langtidsplassar irekna skjerma einingar.

Arkivsaksnummer er 10/249. Søknadsfrist er 22. mars 2010.

Vi avviklar hovudferien i perioden 21.06. - 15.08.2010. I dette tidsrommet har vi behov for sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar/omsorgsarbeidarar, heimehjelper og assistentar.

Dersom du har spesielt ønske om kvar du vil arbeide, må du gi det opp i søknaden din. Du må også oppgi  kva tidsrom du ønskjer å arbeide. Dersom du skal ha ferie i arbeidsperioden, må du skrive det også i søknaden din. 

Lønns- og arbeidsvilkår
Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. Vi søkjer etter arbeidstakarar over 18 år, eller som fyller 18 år i 2010. Du må kunne arbeide sjølvstendig, ta ansvar og ha gode samarbeidsevner. For tilsetting i heimetenesta krevst sertifikat. 

Nærare opplysningar får du hos styrar ved Gloppen sjukeheim, Iren Knutsen Utheim, på tlf 57 86 79 50.

Elektronisk søknad
Søknad skal sendast elektronisk via Gloppen kommune si heimeside. Merk søknaden med 10/249 i feltet for Arkivsaksnummer. Ver nøye med utfyllinga. Du må føre opp praksis med frå/til-datoar og føre opp alt du har av utdanning og praksis - også om du har sendt papira dine til kommunen tidlegare. Kopi av rettkjende attestar og vitnemål vil vi eventuelt be om seinare.

Publisert av Tone Skaaden. Ansvarleg Iren Utheim. Sist endra 22.02.2010
GloppenNo - klikk deg vidare Aktivitetskalendar - kva skjer?Gloppen kommune si heimesideTrivselshagen.no
Dagens bilete
August 2005
Breimsbygda og Eggenipa i bakgrunen
Fotograf: Solfrid Helgheim
Touristinformation
Turistinfo norsk/engelsk/tysk NorskEnglishDeutsch
Kontaktinformasjon
_
_
Redaksjon:
Gloppen kommune
 
 
E-post : jan.kare.fure@gloppen.kommune.no
 
 
Levert av ACOS AS