|
|
|
|
Søknad om kulturmidlar for 2010
Fisten for å søkje om kulturmidlar for 2010 er 20. mars i år. Fristen gjeld for søknader om driftsstøtte (for søknader om særskilde tiltak er det ingen søknadsfrist).
Vi ber om at du brukar det elektroniske søknadsskjemaet vårt.
Gloppen kommune gir kvart år økonomisk støtte til kulturarbeidet i kommunen. Målet med ordninga er å fremje eit aktivt og allsidig kulturliv.
Det er fleire tilhøve som avgjer kor stort eit eventuelt tilskot vil bli, m.a. medlemstal og aktivitetnivå. Kommunen prioriterer barne- og ungdomsarbeid.
Søknad om ordinære kulturmidlar (driftsstøtte) skal sendast inn av hovudlaget (ikkje av gruppene e.l. i laget).
Alle som får tilskot frå kulturmidlane må akseptere kommunen si ordning med følgjekort for funksjonshemma.
Driftsstøtte blir som hovudregel utbetalt innan midten av juni. Støtte til eit spesielt tiltak blir utbetalt etter at tiltaket er gjennomført og rekneskapen er innlevert.
Tildelinga av ordinære kulturmidlar (driftsstøtte) blir kunngjort i Firda Tidend og på kommunen si heimeside, og ikkje ved melding til kvar enkelt søkjar.
Publisert av
Jan Kåre Fure.
Ansvarleg
Jan-Kjetil Øygard.
Sist endra 05.03.2010
|
|
|
Dagens bilete
Veslevatnet
Fotograf: Bernt Reed
Kontaktinformasjon
|
|
|
Redaksjon:
|
|
Gloppen kommune
|
|
|
|
|
 |
|
|