|
Gloppen i bilete
Breimsvatnet
Fotograf: Siv K Haugen
|
|
|
 Publisert 10.03.2010
- Eg tykkjer det er kjekt å sjå ungane bevege seg og ha det moro på ski, seier Odd-Bjørn Hjelmeset til Firda Tidend.
Søndag den 14. mars arrangerer han barneskirenn på Kleivane i samarbeid med moderklubben Fjellhug/Vereide IL.
Les meir om skirennet på Fjellhug/Vereide si heimeside!
 Publisert 08.03.2010
Sogn og Fjordane Teater (SoFt) skal spele Stoppestaden av Julian Garner i Trivselshagen på sandane fredag 12. mars kl 19.00
- ein psykologisk thriller frå jazzmiljøet i New Orleans på 1920 og 30- talet.
 Publisert 08.03.2010
Strukturplast har nyleg fått godkjent ei sonarbøye for eitt års utprøving. No er eit nytt utviklingsprosjekt krona med suksess.
- Det går veldig bra, seier dagleg leiar Henriette Møll til Firda Tidend.
 Publisert 05.03.2010
Fisten for å søkje om kulturmidlar for 2010 er 20. mars i år. Fristen gjeld for søknader om driftsstøtte (for søknader om særskilde tiltak er det ingen søknadsfrist).
Vi ber om at du brukar det elektroniske søknadsskjemaet vårt.
 Publisert 04.03.2010
I 2009 vart det frakta 758.000 personbileiningar over Nordfjord mellom Lote i Eid og Anda i Gloppen, melder Fjordabladet på Eid.
Talet på passasjerar, inkludert bilførarar, var 858.000 personar, noko som inneber ein vekst på 4,1 prosent samanlikna med året før.
 Publisert 01.03.2010
 Publisert 25.02.2010
Vi gratulerer Odd-Bjørn Hjelmeset og Norge med gårsdagens sølvmedalje på OL-stafetten.
Odd-Bjørn sjølv er skuffa over eigen innsats, og tar på seg skulda for at det ikkje vart gull.
Til dei som meiner at våre folk ikkje gjer det godt nok i OL, seier vi som tidlegare verdsmeister og OL-vinnar Thomas Wassberg ein gong sa: Åka själv!
 Publisert 24.02.2010
Far til skiskyttaren Tarjei Bø er mjølkeprodusent i Stryn. Han leverer til anlegget på Byrkjelo som produserer Norvegia der sonen smiler til forbrukarane frå emballasjen, melder Firda Tidend.
 Publisert 22.02.2010
Vi har behov for ferievikarar på desse tenesteområda: Tradisjonelle heimetenester, tenester i heimane til utviklingshemma og ved Gloppen sjukeheim på avdeling for korttid/rehabilitering og avdeling for langtidsplassar irekna skjerma einingar.
Arkivsaksnummer er 10/249. Søknadsfrist er 22. mars 2010.
 Publisert 18.02.2010
Annankvar onsdag framover våren og forsommaren vil Gloppen Røde Kors arrangere fleirkulturell møtestad i Trivselshagen på Sandane.
Møtestaden vert kantina/foajeen mellom 18 - 20
 Publisert 22.12.2009
Sleggjekastaren Trude Raad, Gloppen FIL er nominert som kandidat til pris på Idrettsgallaen 2010.
Les meir på Firda Tidend sine nettsider.
 Publisert 21.12.2009
|
|
|
Dagens bilete
Våroppussing i sentrum
Fotograf: Siv K Haugen
Kontaktinformasjon
|
|
|
Redaksjon:
|
|
Gloppen kommune
|
|
|
|
|
 |
|
|