Webkamera på sandane
framtidsfylket.no Framtidsfylket Sogn og Fjordane
Søk
Informasjon Publisert 18.11.2009
Byrkjelo stadion

August 2011 skal Breimsbygda IL arrangere hovud-NM i friidrett. Tysdag kveld inviterte leiar i hovudkommiteen, Rolv Kjetil Egge, representantar frå idrettslaga Brodd, STIL, Hyen og Fjellhug/Vereide til informasjons- og drøftingsmøte om arrangementet. Sjå referat frå møtet på Fjellhug/Vereide sine nettsider.

Informasjon Publisert 16.11.2009
gloppen.no - logo

Etter eit langt svangerskap er nettsida www.gloppen.no endeleg på lufta.

Nettsida er eit samarbeid mellom Gloppen kommune og Gloppen Næringsorganisasjon, og har ei klar målsetting: Å marknadsføre Gloppen på ein positiv måte.

Informasjon Publisert 16.11.2009
Skulptur 1

- Det er kjekkare å få ein bauta enn ein gravstein! Det er ikkje noko stas å vere ein død Hamsun. Vår fargerike fylkeskunstar Oddvar Torsheim var i storslag då han laurdag fekk nok ein bauta av seg avduka, og han tykte det var ei stor ære når Fridtjof Urdal drog parallellar med Kim Il Sung. Les meir på Firda Tidend sine nettsider.

Informasjon Publisert 13.11.2009
Knut Førde

Knut Ove Førde (46) frå Byrkjelo er ein av jegerane som er plukka ut til å vere med i boka "Hjortejegerne - 10 jegere, 10 metoder". Boka set fokus på opplevingane og det store privilegiet det er å jakte. Jakthistorier, jakttips og faktastoff er det også rikeleg av. Les meir på Firda Tidend sine nettsider.

Informasjon Publisert 12.11.2009
Ølbrygging på Gloppen Hotell

Per Walmsnæss driv sitt eige ølbryggjeri på Rena. I regi av Sandane Næringshage og Gloppen Hotell kjem han til Sandane 17. november for å fortelje om verksemda han driv. - Vi håpar han kan inspirere nokon i Gloppen til å skape eit mikrobryggjeri, seier Ole-Kristian Fagerås. Les meir på Firda Tidend sine nettsider.

Informasjon Publisert 05.11.2009
Faksimile: Jakt & Fiske

I maiutgåva av magasinet Jakt & Fiske har frilansjournalist Morten B. Stensaker ein flott fiskereportasje frå Stryn og Gloppen, der han blant anna har fiska i Breimsvatnet, Bergheimsvatnet og vitja Traudalen. Med seg har han hatt lokale guidar. Om du gjekk glipp av denne reportasjen kan du no lese den her.

GloppenNo - klikk deg vidare Aktivitetskalendar - kva skjer?Gloppen kommune si heimesideTrivselshagen.no
Dagens bilete
Multer i fjellet
Multer i fjellet
Fotograf: Sylvia Hidvegi Helset
Touristinformation
Turistinfo norsk/engelsk/tysk NorskEnglishDeutsch
Kontaktinformasjon
_
_
Redaksjon:
Gloppen kommune
 
 
E-post : jan.kare.fure@gloppen.kommune.no
 
 
Levert av ACOS AS