Webkamera på sandane
framtidsfylket.no Framtidsfylket Sogn og Fjordane
Søk
Informasjon Publisert 06.09.2010
Trude Raad

Trude Raad tok ein ny gullmedalje i slegge sist helg. Denne gongen var det nordisk U23-meisterskap i Sverige.

Også Kristiane Rygg gjorde det godt i same meisterskapen. Ho gjekk inn til 3.-plass i 5000 m kappgang.

Sjå kva GFIL skriv om saka på si heimeside!

Informasjon Publisert 06.09.2010
Bokkaféen: Glimt frå 5-årsjubileet

Den første tirsdagen i månaden, 10 gongar i året i 10 år = 100 ! Ja, om lag hundre gongar har lesande eldre i Breim møttest på biblioteket på Byrkjelo. Der er det stor leseglede og god "søgje". Bokkafeen har i alle desse åra vore eit samarbeid mellom Sanitetslaget i Breim og Gloppen folkebibliotek, der Saniteten organiserar bilskyss til dei som treng det, og noko godt til kaffien.

Tysdag 9.september feirar vi alle dei lesande damene ( ja, det er mest damer) - på biblioteket på Byrkjelo kl 14 - 16.

Informasjon Publisert 06.09.2010
Frukt og bær satsing

Matfestival i Gloppen 14.-17.oktober 2010.

Vi ynskjer å presentere alle dei gode råvarene og produsentane i regionen vår, og å gje publikum ei unik oppleving med mat og matkultur.

Informasjon Publisert 06.09.2010
Gloppen Mat

- Vi har veldig tru på lokalmat, og ønskjer å bidra aktivt til å få lokale matvarer ut til forbrukarane, seier administrerande direktør Geir Espe i Coop Vest til Firda Tidend.

Coop Vest blir no hovudaksjonær i Fjordameny A/S.

Informasjon Publisert 06.09.2010
Kvitost på meieriet

Tine Byrkjelo sette ny produksjonsrekord for kvitost første halvår og har sin del av æra for at konsernet nyleg presenterte eit driftsresultat første halvår på 577 mill. kroner, melder Firda Tidend.

Informasjon Publisert 03.09.2010
Valborgkleiva bustadfelt

Gloppen kommune og Gloppen Næringsorganisasjon inviterer til ope møte om bustadsituasjonen i Gloppen i kommunestyresalen på heradshuset tysdag 7. september kl 19:00-21:30.

- Kor stort er behovet?
- Korleis er leigemarknaden?

Informasjon Publisert 03.09.2010
Japan Photo

- Medrekna kjøpesum, innkjøp av nye maskiner, oppgraderingar av lokala og marketing investerer vi fleire titals millionar kroner i Eurofoto. Vi ventar ein betydeleg omsetnadsvekst, seier administrerande direktør i Japan Photo Norge, Stephan Stein til Firda Tidend.

Informasjon Publisert 01.09.2010
Eurofoto

Eurofoto på Reed er kjøpt opp av Japan Photo, melder både NRK Sogn og Fjordane og avisa Firda.

Informasjon Publisert 31.08.2010
Varg Veum: Skriften på veggen

Haust er kinotid - og ingen ting er som å sette seg godt til rette i salen, og la seg underhalde av ein god film. 

Gloppen kino har mykje å by på framover hausten, det vert filmar for både store og små og vi kan mellom anna nemne Knerten gifter seg, The Expendables, Varg Veum: Skriften på veggen, Wall Street II og Spis Elsk Lev. Kvar tysdag i heile oktober vil det også bli kvalitetsfilm-godbitar.

Informasjon Publisert 30.08.2010
Fjordabladet

Politikarane i midtre samlar seg om ferjefri fjordkryssing og utvikling av det som vil kunne bli eit kraftsenter, ja sjølve indrefileten av Nordfjord, melder Fjordabladet på Eid.

Torsdag hadde kommunane Eid og Gloppen felles formannskapsmøte der planane for Nordfjordbrua på E39 mellom Lote og Anda stod sentralt.

Sjå også kva Firda Tidend skriv!

Informasjon Publisert 27.08.2010
Hyestranda

Det går verkeleg unna med rassikringsarbeidet i Hyestranda om dagen. Fem store gravemaskinar, ein dumper og ein flunkande ny 40 tonns bulldozer gjer veg i vellinga.

- Arbeidet går etter planen, vi skal vere ferdige til jul, seier byggjeleiar Sveinung Hovland til Firda Tidend.

Informasjon Publisert 26.08.2010
Nyopning av flyplassen

Sandane Lufthamn opna i dag etter å ha vore stengd sidan i vår på grunn av utbygging.

- Vi føler at blodpumpa går litt betre i lokalsamfunnet og heile Nordfjord. Eg er utruleg glad for at vi har Widerøe attende. Det har vore månadar der vi har hatt mykje meir tungvint, både oss i Gloppen og folk i heile Nordfjord, seier ordførar Anders Ryssdal til NRK Sogn og Fjordane.

GloppenNo - klikk deg vidare Aktivitetskalendar - kva skjer?Gloppen kommune si heimesideTrivselshagen.no
Dagens bilete
Nasjonalromantikk
Nasjonalromantikk
Fotograf: Edvin-A Hugvik
Touristinformation
Turistinfo norsk/engelsk/tysk NorskEnglishDeutsch
Kontaktinformasjon
_
_
Redaksjon:
Gloppen kommune
 
 
E-post : jan.kare.fure@gloppen.kommune.no
 
 
Levert av ACOS AS