Webkamera på sandane
framtidsfylket.no Framtidsfylket Sogn og Fjordane
Søk

Ung i Gloppen

Song

I tillegg til eit rikt utval av tilbod innan idrett og kultur, kan ungdom i Gloppen velje mellom ei rekkje aktivitetar og tilbod som kun er for dei.

Fritidsklubben Blakken er eit ope tilbod for ungdom mellom 13 og 19 år, med aktivitetar som diskotek, billjard, bordtennis, air-hockey og ein sjeldan gong vert det arrangert konsertar. Klubben har også eit nyoppussa film- og media rom.

Gloppen Kulturskule tilbyr eit vidt spekter av tilbod innan både musikk, dans og kultur som Gloppen kan vere stolte av. Målet er at kulturskulen skal vere eit inspirerande veksthus for born og unge i kulturlivet i Gloppen, der forholda ligg vel til rette for kunstnarisk vekst for små og store - på alle nivå! Du kan søkje om plass ved å nytte deg av søknadsskjemaet til kulturskulen.

Gloppen har og mange aktive 4H-klubbar.
- Bukta 4H
- Kløveren 4H på Rygg
- Hauk 4H på Austrheim
- Eggenipa 4H i Breim
- Snønipa 4H i Myklebustdalen
- Snøklokka 4H på Vereide

Gloppen kommunale kino kan tilby eit variert filmutval, med både amerikanske kassasuksessar, kvalitetsfilm - og norske filmar. I 2008 stod den nye kinosalen i Trivselshagen klar, med 100 seter og eit nytt digitalt lydanlegg.

Likar du å danse, synge, male, stå på scena eller på ein eller annan måte lage ting eller skape kultur kan du melde deg på Ungdommens Kulturmønstring. Kulturetaten i Gloppen kommune arrangerer kvart år den lokale mønstringa i løpet av januar eller tidleg i februar. Er du mellom 10 - og 20 år er du velkomen til å delta. 

GloppenNo - klikk deg vidare Aktivitetskalendar - kva skjer?Gloppen kommune si heimesideTrivselshagen.no
Dagens bilete
2006
Døypefonten i Breimskyrkja
Fotograf: Siv K Haugen
Touristinformation
Turistinfo norsk/engelsk/tysk NorskEnglishDeutsch
Kontaktinformasjon
_
_
Redaksjon:
Gloppen kommune
 
 
E-post : jan.kare.fure@gloppen.kommune.no
 
 
Levert av ACOS AS