Webkamera på sandane
framtidsfylket.no Framtidsfylket Sogn og Fjordane
Søk

Om Gloppen

Gloppen kommune ligg i hjartet av vakker og vill vestlandsnatur. Ei naturperle av dei sjeldne.

Frå fjorden breier dei grøderike bygdene seg, og endar i ville dalar og majestetiske fjell. Store fjellvidder med variert og urøyvd natur er eit eldorado for turgåarar både sommar og vinter. Aure i meir enn hundre fjellvatn, laks i sprudlande elvar og fiskerike fjordar er med å lokke sportsfiskarar. 

Gloppen har ei unik plassering mellom Ålfotbreen og Jostedalsbreen, som stort sett stoppar nedbøren. På Sandane vert det årleg målt nedbørsmengder til liks med sørlandskysten, og det er blant dei mest nedbørsfattige stadane i Sogn og Fjordane.

Med sitt gode klima og veksttilhøve er Gloppen den største landbrukskommunen i Sogn og Fjordane Over 700 årsverk er knytt til landbruket, og i tilegg kjem ringverknadane på andre nærningar.

Kommunesenteret i Gloppen kommune er Sandane, som ligg vakkert til ved Gloppefjorden og kan by på det meste av butikkar og tenester. Det er mogleg å kome landevegen, luftvegen eller med båt inn fjorden som besøkande til kommunen. E39 går på tvers gjennom Gloppen og gjev god tilkomst frå nord og sør. Sandane lufthamn Anda ligg kun 15 km frå kommunesenteret, og har dagleg fleire avgangar til og frå m.a. Oslo og Bergen. For dei som ynskjer å bruke båt i ferie og fritid, kan Sandane tilby ei flott gjestekai midt i sentrum, og med gåavstand til dei fleste fasilitetar.

GloppenNo - klikk deg vidare Aktivitetskalendar - kva skjer?Gloppen kommune si heimesideTrivselshagen.no
Dagens bilete
Fargar på ein regnvèrsdag
Fargar på ein regnvèrsdag
Fotograf: Gunn Hole
Touristinformation
Turistinfo norsk/engelsk/tysk NorskEnglishDeutsch
Kontaktinformasjon
_
_
Redaksjon:
Gloppen kommune
 
 
E-post : jan.kare.fure@gloppen.kommune.no
 
 
Levert av ACOS AS