Publisert 24.04.2014
Hovudbasseng

Torsdag 1. mai og torsdag 29. mai (Kristi himmerfartsdag) er bassenga ope mellom kl 12.00-17.00

Velkomen skal du vere!

Publisert 24.04.2014
Riksteatret - Hundre hemmeligheter

Magisk og spektakulær familiemusikal for alle frå åtte år og oppover.

Jørgen flyttar inn i mormor sitt gamle hus saman med mamma og pappa. Midt i flyttekaoset dukkar det opp ein boks med påskrifta "Må ikkje opnast". I boksen er det tretten brev, alle adressert til Jørgen. Kven har skrive breva og kva hemmeligheit skjular det seg i konvoluttane? 

Publisert 24.04.2014
Trivselshallen, sett frå tribuna

På grunn av skifting av golv etter vasskade, blir Trivselshallen stengt i perioden 29. april til 23. mai.  Dette gjeld alle salane inkludert klatrevegg og friidrettsdelen.
Vi håpar at delar av anlegget som ikkje skal skiftast ut skal kunne opnast opp noko tidlegare enn fastsatt dato.  Melding om dette vert kunngjort på nettsider og på facebook-profilen vår.
Badeanlegg, treningsenter og gamle «Firdahallen» vert ope som vanleg.

Publisert 15.04.2014
Henning Kvitnes - Glopperock 2014

Henning Kvitnes frå Halden er ein av Noregs mest folkekjære artistar og saman med "Gutta i bandet" held han opningskonserten til Glopperock 2014 i Trivselshagen på Sandane, fredag 20.juni.

Publisert 10.04.2014
E-bøker ved Anne Kari Faleide fylkesbiblioteket

No kan du sitte heime, på støylen eller på ei sydhavsøy og låne e-bøker frå biblioteket ditt. Du kan velje mellom 400 e-bøker, og fleire kjem. Det er enkelt å låne e-bøker: Last ned app’en eBokBib, besøk nettsida http://ebok.sfj.no  - eller kom innom biblioteket så hjelper vi deg i gang.

Publisert 10.04.2014
Trivselshallen, lengdegrop

Frå 25.juni til og med 29.juni i år står turngruppa i Sandane Turn og Idrettslag som arrangør av Salto-veka 2014. Dette er eit arrangement som turngruppa har fått tildelt frå Norges gymnastikk- og turnforbund.

Salto-veka er Sosial, Allsidig, Leik, Turn, Oppvisning og er ei treningssamling for ungdom mellom 13 og 18 år.
Turnhallen og Firdahallen blir hovudarena for aktivitetane, i tillegg er det håp om godveir slik at ein kan vise fram sentrum og fjorden frå si beste side.

Publisert 10.04.2014
Gjestebrygga

Som følgje av stormskader har vi demontert gjestebrygga i sentrum av Sandane. Vi arbeider for å få tilbodet på plass igjen i løpet av våren. Båtfarande kan nytte trebrygga ved land inntil vidare.

Ved spørsmål ta kontakt med Jostein Moldestad, tlf 905 21 113
eller Jan Kjetil Øygard, tlf 977 77 397.

Publisert 04.04.2014
Kommunal rapport

Årets kommunebarometer er kunngjort og Gloppen har klatra nye plasseringar mot toppen med ein 9.plass. 
I fjor hadde kommunen og ei høg plassering med 15.plass av 428 kommunar.

Publisert 20.03.2014
Håndballmagasinet, tosiders oppslag

Trivselshagen er omtalt i siste utgåve av Håndballmagasinet (01/2014) med eit tosiders oppslag. "Eit av landets flotteste idrettslanlegg" er overskrifta! Vi er stolte av å bli tekne fram i lyset av eit landsomfattande magasin som dette.  

Publisert 13.03.2014
Nordfjord Folkemuseum

Laurdag 10. og søndag 11.mai arrangerer Nordfjord Folkemuseum, Firda Vidaregåande skule og SFE "Energihelg for heile familien".

 

Publisert 06.03.2014
Håvard Husevåg

Håvard E. Husevåg (gitar/sang) og Malene Solheim (dans) er nominert frå Gloppen kommune til Drømmestipendet 2014. Dei held høgt nivå i sine disiplinar, og er gode førebilete for andre born og ungdom både i og utanfor Gloppen kulturskule. Vi kryssar fingrane for at dei blir blant dei heldige som vinn Drømmestipendet i år!

Publisert 14.02.2014
Kulturkveld Sandane skule - personalinnslag

Sandane skule har gjort det igjen! Elevar og tilsette viste i går ein fullsett kultursal kva dei har jobba iherdig med siste tida. Temaet var 1814- jubileet, og publikum fekk 200 år norsk historie presentert på gullfat. På scena var det til einkvar epoke tidsriktige kostymer og ei herleg blanding av song, dans og innslag, med både alvor og humor. Det heile vart runda av med eit imponerande skulekor av 250 elevar som sang med full styrke - godt det er høgt under taket i kultursalen. 

   
GloppenNo - klikk deg vidare Aktivitetskalendar - kva skjer?Gloppen kommune si heimesideTrivselshagen.no

Dagens bilete

Fotograf: Edvin-A Hugvik
Dyrisk kjekt!
Edvin-A Hugvik

Touristinformation

Turistinfo norsk/engelsk/tysk NorskEnglishDeutsch

Kontaktinformasjon

Redaksjon: Gloppen kommune
E-post : jan.kare.fure@gloppen.kommune.no

Levert av ACOS AS
padlock padlock